AKTUELT


Tilbake til oversikten

21.01.2020

FRAMTIDSFULLMAKT/VERJEMÅL

Framtidsfullmakt/verjemål?
Ein vaksen person sine mentale kapasitet/evne kan verte svekka i ein slik grad at den rettslege handleevna fell bort. Det kan skje som følgje av sjukdom (som til dømes aldersdemens) eller skade (som til dømes etter ei ulukke som har gitt hjerneskade). Det kan i slike tilfelle vere nødvendig å treffe avgjerder på vedkommande sine vegner. Ein slik situasjon kan løysast ved:
• Verjemål.
Det vil seie at fylkesmannen oppnemner ein myndig person til å ivareta vedkommande sine interesser. Det vil då vere verjemålsoppnemninga som er avgjerande for kva type avgjerder som verja kan ta. Det er vidare enkelte disposisjonar som krev fylkesmannen sitt samtykke, som til dømes sal av fast eigedom.
• Legalfullmakt.
Basert på verjemålslova § 94 vil nærståande ha rett til å gjere daglegdagse økonomiske disposisjonar på vedkommande sin vegner. Legalfullmakta er avgrensa til forhold som gjeld bustad og dagleg underhald. For bustad – som til dømes ordinært vedlikehald. Oppgradering og utbygging ligg utanfor. For dagleg underhald – som til dømes innkjøp av hushaldningsvarer. Kjøp av t.d. ny salong vil ligge utanfor. Forhold som ligg utanfor legalfullmakten krev anna grunnlag, som verjemål.
• Framtidsfullmakt.
Ein kan opprette ei fullmakt på førehand, før ein misser den rettslege handleevna, i samsvar med reglane i kapitel 10 i verjemålslova. Ei framtidsfullmakt er ei fullmakt, der ein gir fullmakt til ein eller fleire personar for å representere seg i økonomiske og/eller personlege forhold, frå det tidspunkt ein grunna helsetilstanden ikkje lenger sjølv kan gjere det. Fullmakta kan regulere alt frå forhold som sal av bustad til bruk av midlar på eigen velvære.
Verjemålslova gir reglar om innhald og omfang av framtidsfullmakta. Vidare er det i verjemålslova § 81 stilt krav om korleis ei framtidsfullmakt skal opprettast. Dersom dokumentet ikkje er oppretta i samsvar med verjemålslova § 81, vil ikkje dokumentet vere gyldig som framtidsfullmakt.
For dei som ønskjer å påverke ein slik framtidig situasjon vil framtidsfullmakt vere måten å gjere det på.



Tilbake til oversikten



6. januar 2020: Advokat Ingebord Sunde intervjua i Firda angåande odelretsreglane. Les intervjuet her. 

20. desember 2019: Advokat Asbjørn Løvik intervjua i Firda angåande lovbrot ved konkursar, Les intervjuet her.

 
 
 
 
Post
Ring
Om