AKTUELT


Tilbake til oversikten

03.07.2020

ENDRA GRENSE FOR ANKE, SMÅKRAVSPROSESS M.M


Frå 01.07.2020 har ankegrensene blitt endra frå kr 125 000 til kr 250 000 for anke til lagmannsretten.
Vidare har grensa for småkravsprosess vorte endra frå kr 125 000 til kr 250 000. I tillegg har grensene for kva ein kan verte tilkjent av sakskostnader vorte endra frå kr 25 000 til kr 50 000.
Det er også vedtatt visse endringar når det gjeld handsaminga i forliksrådet. Her er det no fastsett at ein kan gå direkte til tingretten der tvistesummen er minst kr 200 000 (tidlegare kr 125 000) og begge partar har hatt advokathjelp. Vidare er det bestemt at forliksrådet kan seie dom der ein av partane ber om det under føresetnad av at tvistesummen er under kr 200 000 (tidlegare kr 125 000).
Det er elles fastsett overgangsreglar som knyter seg til skjæringstidspunktet for den einskilde sak.



Tilbake til oversikten



6. januar 2020: Advokat Ingebord Sunde intervjua i Firda angåande odelretsreglane. Les intervjuet her. 

20. desember 2019: Advokat Asbjørn Løvik intervjua i Firda angåande lovbrot ved konkursar, Les intervjuet her.

 
 
 
 
Post
Ring
Om