VILKÅR

Generelle oppdragsvilkår
Pris
Ansvarsforsikring

GENERELLE OPPDRAGSVILKÅR

Advokat Andreas Rønnekleiv (Advokat Andreas Rønnekleiv MNA, org. nr. 980 331 849, postboks 84, 6801 Førde) og advokat Asbjørn Løvik (Advokatfirma Asbjørn Løvik MNA, org. nr. 999 128 963, postboks 84, 6801 Førde) driv sjølvstendig advokatverksemd i kontorfellesskap i Elvegården, Naustdalsvegen 1B, i Førde.

Advokatane og advokatfullmektigar som er tilknytt desse advokatfirma har løyve til å drive advokatverksemd i Norge utferda av Tilsynsrådet for Advokatvirksomhet og er medlemmer av Advokatforeningen. Alle er såleis underlagt Advokatforeningen sine vedtak og ordningar for obligatorisk etterutdanning og handsaming av disiplinærsaker.

Våre generelle oppdragsvilkår er som følgjer:

Gjennomføring av oppdraget
Advokaten vil ivareta klienten sine interesser på best mogeleg måte. Oppdrag vil bli utført i samsvar med kvalitetssikringsrutinane våre, og elles i samsvar med Advokatforskrifta og Advokatforeningen si salærrettleiing.

Oppstart
Interessekonfliktar og andre forhold kan medføre at advokaten ikkje kan eller bør ta oppdraget. Dette er forhold som fortrinnsvis blir undersøkt før oppdraget vert etablert. Klienten pliktar å bidra til slik avklaring. Tilsvarande vurderingar blir føreteke i etablerte oppdrag dersom nye partar trer inn i saka. Dersom omsynet til klienten tilseier det og særlege grunnar ikkje talar i mot det, kan oppdraget ta til før avklaringa er fullført. Advokaten kan i slike tilfeller måtte seie i frå seg oppdraget seinare på grunn av seinare avklaring.

I samsvar med lov om kvitvasking skal advokaten som hovudregel gjennomføre kundekontroll med identifikasjonskontroll. Vi gjer merksam på at advokaten ved mistanke om at transaksjonar har tilknyting til utbytte av straffbar handling osv. er pålagt å informere Økokrim om dette utan å informere klienten eller tredjepersonar.

Fri rettshjelp
Etter rettshjelpslova kan visse saker gi rett til at advokatbistand blir dekka av staten (fri rettshjelp). Nokre saker kvalifiserer alltid til fri rettshjelp, andre saker føreset at klienten si inntekt/formue ligg under rettshjelpslova sine inntekts- og formuegrenser, som p.t. er høvesvis kr 246.000 (einslege), kr. 390.000 (ektepar, reg. partnarar m.m) og kr 100.000 (nettoformue). Fylkesmannen kan i visse tilfelle gjere unntak frå grensene. Nærmare informasjon om fri rettshjelp kan de få hos Fylkesmannen eller ved kontoret vårt. Dersom fri rettshjelp kan vere aktuelt, bør dette bli tatt opp for avklaring med oss snarast. Det er ein eigendel på fri rettshjelp som klienten sjølv er ansvarleg for.

Rettshjelpsforsikring

Visse saker kan bli dekka av rettshjelpsforsikring, dvs at klienten heilt eller delvis får dekka utgiftene til juridisk bistand av forsikringsselskapet. Dette vil gå fram av forsikringspolisane, og det bør undersøkjast om dette er aktuelt. Der det er aktuelt må forsikringsselskapet varslast så snart som mogeleg. Med mindre anna er avtalt, må klienten sjølv syte for å varsle forsikringsselskapet. Klienten er sjølv ansvarleg for eigendel på rettshjelpsforsikringa og eventuelt mellomlegg mellom advokaten sitt salærkrav og det beløp som forsikringsselskapet dekker.

Kostnader og salær
Klienten vil vere ansvarleg for rettsgebyr, kostnader til sakkyndige vitne og andre kostnader som påløper ved ein rettsleg prosess. Klienten vil vidare vere ansvarleg for motparten sine sakskostnader dersom dei vert i dømt. Sakskostnader vil ofte, men ikkje alltid, verte belasta den part som ikkje får medhald.

Vårt salærkrav mot klienten vert ikkje redusert ved at klienten vert tilkjend mindre erstatning for sakskostnader enn storleiken på salærkravet.

Lovmessige avgrensingar som medfører avgrensingar i klienten sin rett til å krevje erstatta kostnader til rettshjelp frå motparten avgrensar ikkje vårt salærkrav mot klienten. Slike lovmessige avgrensingar gjeld mellom anna i saker for forliksrådet og i småkravsprosessen.

Klienten sine eigne forhold
Til betre saka er avklart og førebudd frå klienten si side, til meir effektivt vil vi kunne arbeide. Dette vil vidare kunne ha noko å seie for storleiken på salæret.

Alle kontakt til og frå motparten skal gå gjennom oss, og klienten må gi melding til oss straks det evt. har vore direkte kontakt frå motparten eller motparten sin advokat. Klienten vil få sendt kopiar av all korrespondanse ut frå og inn til kontoret vårt i saka. Desse bør oppbevarast mellom anna fordi seinare kopiering av dette vil medføre kostnadar som blir fakturert klienten.

Advokaten/advokatfirmaet sitt ansvar
Advokaten/advokatfirmaet er ansvarleg i samsvar med dei alminnelege reglane om advokatar sitt profesjonsansvar og er dekka av den lovpålagde trygda for utøving av advokatverksemd, som gjeld utan geografisk avgrensing. Det er : Chartis Europa S.A., postboks 1588 Vika, 0118 Oslo som stiller trygda.

Sjølv om advokaten har gjort greie for si oppfatning av kva utfallet i saka kan bli, inneber ikkje dette at advokaten har noko rettsleg ansvar for at dette resultatet blir oppnådd.

Med mindre anna er avtalt omfattar ikkje oppdraget rådgjeving i forhold til dei skatte- og avgiftsrettslege sidene av saka. Advokaten/advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for indirekte tap, her inkludert tapt forteneste.

Advokaten/advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for feil gjort av rådgjevarar som advokaten har vist til eller for underleverandørar som advokaten etter avtale med klienten har overlete delar av oppdragsutføringa til.

Advokaten/advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for tap av klientmidlar som følgje av konkurs eller andre forhold på banken si side, Det vert særskilt gjort merksam på Bankenes Sikringsfond ikkje garanterer for meir enn 2 millionar kroner i innskot pr. innskytar (advokatfirma) pr. bank.

Handsaming av informasjon - teieplikt.
Advokatar har teieplikt for dei opplysningar dei får i saka, med dei unntak som går fram av lov (t.d. kvitvaskingslova). Alle medarbeidarar i firmaet har autorisert tilgang til opplysningane, og har underteikna skriftleg teieplikterklæring.

I den grad det er nødvendig for å oppfylle oppdraget samtykker klienten til at personopplysningar som er gitt frivillig, her inkludert sensitive personopplysningar, vert handsama av advokatfirmaet i samsvar med personopplysingslova. Opplysningane blir berre gitt til andre partar, som motpartar, domstol og offentlege organ, i den grad det er i samsvar med oppdraget. Klienten har rett til innsyn i og informasjon om dei opplysningane som er handsama og rett til å krevje retting av mangelfulle opplysningar. Det er eigar av advokatfirmaet som er handsamingsansvarleg etter personopplysingslova. Spørsmål om handsaminga av personopplysingar kan rettast til advokaten for det aktuelle oppdraget.

Klage.
Det er høve til å få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk, og vidare er det også høve til å klage dersom klienten ikkje er nøgd med storleiken på salæret. Kvaliteten på arbeid blir derimot i utgangspunktet ikkje vurdert av disiplinærorgana.

Som hovudregel er det ein klagefrist på 6 månader. Denne gjeld frå det tidspunkt klagaren blei eller burde blitt kjend med dei omstenda klaga er grunna på. Klaga blir behandla av Advokatforeningen sitt regionale disiplinærutval for Hordaland og Sogn og Fjordane som førsteinstans. Vedtak frå disiplinærutvalet kan ankast inn for Disiplinærnemnda.

Reglar for God Advokatskikk og nærmare opplysningar om klageordninga finn ein på Advokatforeininga si heimeside http://www.advokatenhjelperdeg.no under Klage på advokat.

Revisjon og oppdragsvilkår
Desse vilkåra blir normalt revidert ein gong i året, og elles når det måtte oppstå behov for dette.